Likestillingssenteret på Vestlandet inviterer til frukostseminar om kjønn i språk og språk i kjønn. Her skal vi mellom anna diskutere dominerande diskursar, misforståingar og konsekvensane av krafta i orda. Samstundes skal vi bryte ned mytar, drøfte løysingar for likestilling i språket og diskutere gevinsten av normkreativitet.
Program
Vår praktikant, Tonje Aurdal Åsheim, innleier seminaret med ein kort introduksjon av korleis vi kan forstå forholdet mellom kjønn, språk og makt.
Etter introduksjon vil det bli spennande innlegg frå:
-
Erwin Rapiz Navarro: dagleg leiar for Skeiv Verden Vest.
-
Christian Lomsdalen: lærar, religionsvitar og ph.d-kandidat. Forskar på fritaksretten i norske skular.
-
TBA
Innlegga vert etterfølgde av ein panelsamtale, og vi avsluttar med innspel frå publikum.
Vi byr på god frukost, kaffi, te og spennande samtaler. Arrangementet er gratis, men vi ønskjer at du melder deg på slik at vi kan sikre nok mat til alle. Meld deg på her!
Er du interessert i å lære noko nytt om korleis du kan bli meir medviten på eigen språkbruk? Kom på frukostseminar då vel!