Gå til hovedinnhold

Aktuelt

Undervisning om urfolk og nasjonale minoritetar – tips til lærarar

Skal du undervise om urfolk og nasjonale minoritetar i Norge? Her er nokre tips til deg som lærar for å skape god undervisning som varetek alle elevar.
  1. Planlegg undervisninga godt! God undervisning om samar og nasjonale minoritetar krev kunnskap for å være trygg på temaet i møte med elevar. Tips til gode undervisningsressursar kan vere Suodji, Reaidu, Dembra og NIMs undervisningspakke til ungdomsskule og vidaregåande skule.  
  1. Synleggjer at det er mange ulike måtar å vere samisk, romsk, kvensk, romanisk, jødisk eller skogfinsk på. For eksempel har Sápmi ulike tradisjonelle næringar, ulike kulturar og ulike språk. Å vise ulike måtar å vere samisk på vil gi elevane breiare perspektiv og mindre stereotypiske førestillingar om Sápmi.  

  1. Vis mangfaldet i det nære! Urfolk og nasjonale minoritetar har påverka alle delar av Norge. Leit fram dette i lokal historie eller lokale tradisjonar. 

  1. Legg til grunn at du ikkje veit kor vidt elevar i klasserommet har samisk, romsk, kvensk, romanisk, jødisk eller skogfinsk identitet eller slekt. Unngå framandgjerande språk som «dei som er samisk», «det er lite romaniar i vår del av landet» og «vi har ikkje kvenar i vår kommune». Sei heller for eksempel «dei av oss som er samisk», «romaniar har bevegd seg i mesteparten av Norge» og «kjerneområda for kvenar er i Nord-Norge, men det bur kvenar over heile landet». 

  1. Respekter elevane sin identitet og sjølvforståing. Elevar med namn eller slekt knytta til Sápmi eller ein av dei nasjonale minoritetsgruppene ønsker ikkje automatisk å omtalast som til dømes samisk eller romsk, samtidig som elevar frå fornorska familiar kan ha en sterk samisk identitet eller identifisere seg som en av dei nasjonale minoritetsgruppene. 

  1. La elever som tilhøyrar gruppa ein undervisar om få dele erfaringar dersom dei sjølv velger det, men unngå å oppfordre til det. Oppfordringar kan legge press på eleven og føre til at eleven føler ansvar for undervisningsinnhaldet. Ei fortelling om ein måte å vere samisk, skogfinsk eller jødisk på frå ein elev bør balanserast med andre eksempel på måtar å vere samisk, skogfisk eller jødisk på frå læraren.  

Publisert

30.6.2025