Gå til hovedinnhold

Arrangement

Inkluderande bilete og språk som støtter menneskerettane

Vi inviterer til webinar om språk og bildebruk som kan motverke diskriminering og manglande representasjon av menneske med nedsett funksjonsevne i offentleg kommunikasjon.

Likestillingssenteret KUN, Statsforvaltaren i Trøndelag og utvalde pilotkommunar har gjennom prosjektet «Bilder og språk som støtter CRPD» utarbeidd ein rettleiar for arbeidet, som blir presentert på webinaret.

Prosjektet skal utvikle eit auka medvit kring normkritisk kommunikasjonsstrategi. Prosjektet ser på korleis dette kan bidra til å motverke diskriminering og manglande representasjon av menneske med nedsett funksjonsevne i offentleg kommunikasjon.

På webinaret vil du også få gode tips til bildetaking og døme frå kommunane.

Påmelding

Tidspunkt

24. oktober 2025 kl. 09:00 - 11:00

Sted

Digitalt

Kategori

Prosjekt