Gå til hovedinnhold

Saman jobbar vi for eit meir likestilt samfunn

Har de ein idé, eit prosjekt eller ei utfordring knytt til likestilling, mangfald eller inkludering? 

Likestillingssenteret på Vestlandet samarbeider med kommunar, offentlege verksemder, forskingsmiljø, frivillige organisasjonar og næringsliv om å utvikle kunnskap, metodar og løysingar som bidreg til eit meir inkluderande samfunn. 

Vi kan vere samarbeidspartnar frå idé til gjennomføring og bidra med fagkompetanse, prosjektutvikling og søknader om ekstern finansiering. 

Ta kontakt for ein uforpliktande prat om prosjektideen dykkar. 

Kva kan vi bidra med? 

Vi kan vere ein samarbeidspartnar gjennom heile prosjektløpet – frå idé og prosjektutvikling til søknadsarbeid, gjennomføring og formidling. Med brei fagkompetanse og erfaring frå regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt bidreg vi til å utvikle kunnskapsbaserte løysingar, etablere gode partnarskap og skape varige resultat. 

Frå idé til prosjekt 

Vi kan bidra gjennom heile prosessen. 

Idé → Prosjektutvikling → Partnarskap → Finansiering → Gjennomføring → Formidling → Evaluering 

Mange gode prosjekt startar med ein samtale

Ta kontakt dersom de ønskjer å diskutere ein idé, utforske finansieringsmoglegheiter eller finne ein samarbeidspartnar. 

Kontakt oss på post@lspv.no

Oppdatert 16.9.2026

Saman jobbar vi for eit meir likestilt samfunn - Likestillingssenteret KUN