Gå til hovedinnhold

Ansatt

Viljar Eidsvik

Viljar Eidsvik starta hjå Likestillingssenteret på Vestlandet den 1. januar 2025 etter ei periode som leiar for FRI – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold. Han har tidlegare jobba i Likestilling- og diskrimineringsombodet og i fleire sivilsamfunnsorganisasjonar med tema som urfolksrettar, nasjonale minoriteter, kjønns- og seksualitetsmangfald, likestillingsarbeid i offentleg sektor, normkritisk undervisning og internasjonal solidaritet.

Viljar er samfunnsvitar og pedagog med djubdekunnskap i dekoloniale og fleirkulturelle perspektiv på utdanning og utvikling. Han har skrive masteroppgåve om samiske elevar sine erfaringar med undervisning om Sápmi i norsk skule, ei oppgåve som fokuserar både på korleis fornorskingshistorie påverker innhaldet i undervisninga om Sápmi og korleis det opplevast å vere samisk elev i klasserommet når det blir undervist. Han har også djubdekompetanse i systematisk arbeid for at skular og arbeidsplassar skal vere likestilte og trygge uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. 

I KUN er Viljar leiar for faggruppene "kjønns- og seksualitetsmangfald" og "antirasisme og mangfald". Han jobbar med prosjektutvikling, informasjonsarbeid og kursoppdrag på desse fagfelta knytta til særleg utdanningssektor og arbeidsliv.