I denne workshopen får du lære både om kva rettigheiter ein har som skeiv på jobb, kva ein kan gjere dersom ein sjølv eller ein kollega opplever homofobi eller transfobi på jobb, og korleis ein kan jobbe for tiltak som skapar eit godt arbeidsmiljø for alle. Det vil bli tilrettelagt for gruppesamtalar og dialog.
Workshophaldarar er Lene Lene Hopland Bergset, HR-sjef i Amnesty International Norge, og Viljar Eidsvik, seniorrådgjevar ved Likestillingssenteret på Vestlandet.
Workshopen er gratis og åpen for alle.