Gå til hovedinnhold

Arrangement

Vald i nære relasjonar blant skeive - eit oversett problem?

Når vi snakkar om vald i nære relasjonar, blir skeive erfaringar ofte usynlege. Det stereotype bildet av ein mann som slår ei kvinne er lite relaterbart for skeive liv. Dette arrangementet set vald i skeive parforhold på dagsorden.

Når vi snakkar om vald i nære relasjonar, blir skeive erfaringar ofte usynlege. Det stereotype bildet av ein mann som slår ei kvinne er lite relaterbart for skeive liv. I skeive miljø løftast gjerne skeive parforhold opp som vakre og velfungerande, og i møte med homofobi og transfobi frå storsamfunnet blir det kanskje ekstra vanskeleg å sette fokus på å ha opplevd vald frå ein partnar eller frå familie. Likevel veit vi at mange skeive lever med kontroll, psykisk vald, frykt eller fysisk vald. Mykje tyder på at skeive er meir sårbar for vald frå omsorgspersonar og like sårbar for vald i parforhold som heterofile cispersonar.

Mange skeive kjenner seg ikkje igjen måten vald i nære relasjonar blir forklart på, i hjelpetilbodet for valdsutsette eller samfunnet sine førestellingar om kven som kan leve med ein valdeleg partnar eller eit valdeleg familiemedlem. Dersom ein ikkje veit om det lokale krisesenteret har eit inkluderande tilbod, blir terskelen høgare for å søke hjelp.
 
Dette arrangementet set vald i skeive parforhold på dagsorden.

Tidspunkt

1. juni 2026 kl. 16:00 - 17:00

Sted

Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrres gate 49, Bergen

Kontaktperson

Viljar Eidsvik

Seniorrådgiver

Kategori

Fagområde

Vald i nære relasjonar blant skeive - eit oversett problem? - Likestillingssenteret KUN