I 2020 vedtok fylkestinget at Vestland fylke skal vere ei anitrasistisk sone. I samband med dette, inviterer Likestillingssenteret på Vestlandet og Gloppen bibliotek til dialogmøte om rasisme og antirasisme i kvardagen.
Her er alle velkommen, så lenge du deler målet om eit lokalsamfunn fritt for rasisme. Du kan lære meir om kva utfordringar rasisme kan skape i kvardagen, dele av eigne erfaringar på feltet og bidra inn i ein viktig dialog om sunne miljø og tryggleik.
Arrangementet vil mellom anna ta opp samtalen om kva rasisme er og korleis det kjem til uttrykk i dagens samfunn. Samstundes skal vi drøfte korleis fremje like moglegheiter for deltaking og tilhøyrsle i lokalsamfunnet. Det vil bli lagt opp til dialog og refleksjon mellom deltakarane. Ta med bestevennen, bestemor og naboen og kom på samtale om korleis skape gode lokalsamfunn for alle!
Dialogmøtet vi bli leia av Nertila Stringa og Tonje Aurdal Åsheim. Det vert også eit innslag frå Ann Iren Festervoll, tenesteleiar for busetting og integrering i Gloppen kommune. Ho har jobba med flytkningar sidan 2003, og har lang erfaring med korleis ein skaper gode miljø for nykomne.
Dialogmøtet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Vestland Fylkeskommune og ein del av arbeidet for at Vestland skal vere ei antirasistisk sone.