Gå til hovedinnhold

Arrangement

Rasisme og antirasisme i kvardagen – korleis skaper vi inkluderande lokalsamfunn? (Kvinnherad)

Har du opplevd å bli dårlegare behandla på grunn av etnisitet, religion eller hudfarge, eller har du sett andre bli det? Ønskjer du å lære meir om korleis praktisere antirasisme, eller diskutere gode strategiar for korleis ein kan seie ifrå om rasisme ein opplever sjølv eller ser andre oppleve? Bli med på dialogmøte på Kvinnherad bibliotek!

I 2020 vedtok fylkestinget at Vestland fylke skal vere ei anitrasistisk sone. I samband med dette, inviterer Likestillingssenteret på Vestlandet og Kvinnherad bibliotek til dialogmøte om rasisme og antirasisme i kvardagen.  

Her er alle velkommen, så lenge du deler målet om eit lokalsamfunn fritt for rasisme. Du kan lære meir om kva utfordringar rasisme kan skape i kvardagen, dele av eigne erfaringar på feltet og bidra inn i ein viktig dialog om sunne miljø og tryggleik.  

Arrangementet vil mellom anna ta opp samtalen om kva rasisme er og korleis det kjem til uttrykk i dagens samfunn. Samstundes skal vi drøfte korleis fremje like moglegheiter for deltaking og tilhøyrsle i lokalsamfunnet. Det vil bli lagt opp til dialog og refleksjon mellom deltakarane. Ta med bestevennen, bestemor og naboen og kom på samtale om korleis bygge/skape gode lokalsamfunn  for alle! 

Dialogmøtet vi bli leia av Nertila Stringa og Viljar Eidsvik. 

Workshopen er finansiert av Vestland Fylkeskommune og ein del av arbeidet for at Vestland skal vere ei antirasistisk sone.

Tidspunkt

18. november 2026 kl. 18:00 - 20:00

Sted

Kvinnherad bibliotek, Sentrumsvegen 39, 5460 Husnes

Kontaktperson

Viljar Eidsvik

Seniorrådgiver

Prosjektmedarbeidere

Nertila Stringa

Tidl. rådgiver / KUN

Kategori

Fagområde

Prosjekt

Rasisme og antirasisme i kvardagen – korleis skaper vi inkluderande lokalsamfunn? (Kvinnherad) - Likestillingssenteret KUN