Gå til hovedinnhold

Prosjekt

Antirasistisk arbeid i offentlege verksemder i Vestland

Korleis kan offentlege verksemder arbeide meir systematisk for å førebygge og handtere rasisme og diskriminering, og sikre likeverdige arbeidsplassar og tenester? Likestillingssenteret på Vestlandet har våren 2027 eit kurstilbod som skal gi offentlege verksemder i Vestland kunnskap og praktiske verktøy til antirasistisk arbeid.

Om prosjektet

Stiftinga KUN, ved Likestillingssenteret på Vestlandet (LSPV), tilbyr kurs i antirasistisk arbeid for offentlege verksemder i Vestland fylke våren 2027. 

Offentlege verksemder har både eit ansvar og ei plikt til å arbeide aktivt for likestilling og mot diskriminering. Dette handlar om å sikre at alle tilsette har ein arbeidsplass prega av likeverd og respekt, og at innbyggjarane får likeverdige tenester – uavhengig av bakgrunn.

Gjennom prosjektet får verksemdene eit tilpassa kurstilbod som tek utgangspunkt i deira eigen sektor, verksemd og arbeidskvardag. Målet er å styrkje kompetansen og gi eit godt grunnlag for langsiktig og systematisk antirasistisk arbeid.

Kursa tek for seg antirasistisk arbeid i offentlege verksemder, med særleg vekt på:
- Korleis verksemdene kan sikre eit likeverdig tenestetilbod. 
- Korleis offentlege arbeidsgjevarar kan utvikle inkluderande og likestilte arbeidsplassar. 
- Korleis ein kan førebyggje rasisme og diskriminering i møte med tilsette, brukarar og innbyggjarar.
- Korleis ein kan arbeide systematisk med likestilling i tråd med aktivitets- og utgreiingsplikta i likestillings- og diskrimineringslova.

Undervisninga vil vere praksisnær og ta utgangspunkt i case og situasjonar som er relevante for deltakarane sin eigen arbeidskvardag. Slik skal kursa bidra til refleksjon, diskusjon og konkrete endringar i praksis.

Målgruppa er offentlege verksemder i Vestland fylke. Kursa er retta mot alle tilsette, og blir tilpassa den enkelte sektoren og verksemda. LSPV ønskjer å nå verksemder i ulike delar av fylket og legg opp til god geografisk spreiing.

Gjennom kursa skal tilsette få kunnskap og verktøy til å reflektere over eigen praksis og identifisere korleis dei kan bidra til endring. Målet er at offentlege verksemder skal få eit betre grunnlag for å arbeide heilskapleg og systematisk med antirasistisk arbeid, for likeverdige tenester og ein likestilt arbeidsplass. 

Prosjektet er òg ei styrking av Vestland fylkeskommune sitt vedtak om å bli ei antirasistisk sone.

Dato

Starter 17. november 2026

Kategori

Fagområde

Prosjektleder

Prosjektmedarbeidere

Viljar Eidsvik

Seniorrådgiver

Shahnaz Shefa Amin

Seniorrådgiver

Ada Klubben

Rådgiver