Gå til hovedinnhold

Aktuelt

Intersex Awareness Day: Frå medvit til handling for kroppsleg autonomi

Den 26. oktober 2026 markerte Likestillingssenteret på Vestlandet (LSVP) og FRI - Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold Intersex Awareness Day med eit arrangement i Bergen. Gjennom faglege innlegg, personlege historier og ein panelsamtale vart det sett søkelys på menneskerettane, levekåra og erfaringane til intersexpersonar, og kva som må til for å skape reell endring.
Kroppsleg sjølvråderett og retten til å vere seg sjølv
Viljar Eidsvik frå LSPV understreka behovet for god informasjon, psykologisk støtte og kontakt med andre i liknande situasjonar. Intersexpersonar skal ikkje vekse opp med ei kjensle av å vere annleis eller åleine. Det er ikkje intersexpersonar som skal tilpassast samfunnet sine forventningar til korleis kroppar er skrudd saman – det er samfunnet som må endre sitt syn på kroppsmangfald.
 
Han understrekte også viktigheita av å stanse medisinsk unødvendige inngrep på intersexpersonar. Inngrep som blir gjort for å tilpasse kroppen til sosiale normer eller kosmetiske forventningar, må ikkje gå føre intersexpersonar sin rett til å bestemme over eigen kropp.
 
Irina Kuzemko frå Organisation Intersex International Europe (OII Europe) løfta fram kor viktig fellesskap, synleggjering og organisering er. Ho viste til korleis intersexrørsla har vakse fram internasjonalt sidan den første markeringa i Boston i 1996.
 
Kuzemko understreka at kroppsleg sjølvråderett, informert samtykke og tilgang til eigen sjukehistorikk er grunnleggjande rettar. Ho peika på at skaden ikkje ligg i å vere intersex, men i stigmaet, hemmeleghaldet og dei medisinske inngrepa som blir påførte menneske fordi kroppane deira ikkje passar inn i tronge normer.
 
Ho trekte også fram verdien av trygge møteplassar der intersexpersonar kan møte andre med liknande erfaringar, dele historier og oppleve fellesskap utan å måtte forklare eller forsvare kven dei er. Samstundes må lovverk, helsetenester og fagmiljø utviklast slik at rettane til intersexpersonar blir respekterte i praksis.
 
Reell inkludering og trygge fellesskap
I panelsamtalen, leia av Christine Marie Jentoft-Teigland frå Foreningen FRI, diskuterte deltakarane korleis ein kan skape tryggare møteplassar og betre levekår for intersexpersonar.
Eit viktig poeng var at inkludering handlar om meir enn å leggje til ein I i LHBTQI+-forkortinga. Intersexpersonar må få delta på eigne premissar, utan forventningar om å dele private opplysningar eller undervise andre om eigen kropp.
 
Panelet peika på at skeive organisasjonar må ta ansvar for tidlegare utestenging og sørge for at intersexpersonar blir involverte i avgjerder som påverkar dei. Prinsippet «ingenting om oss utan oss» må ligge til grunn for både politikk, forsking og organisasjonsarbeid.
 
Skam, stigma og lang avstand mellom folk kan gjere det vanskeleg å bygge eit intersexfellesskap i Noreg. Derfor er både digitale nettverk, fysiske møteplassar og samarbeid med etablerte skeive organisasjonar viktig.
 
Kva må endrast i Noreg?
Gjennom panelsamtalen vart fleire konkrete behov løfta fram:
  • Betre rettsvern: Intersexpersonar og variasjonar i kjønnskarakteristika må vere tydeleg omfatta av diskrimineringsvernet.
  • Slutt på unødvendige inngrep: Helsehjelp må byggje på informert samtykke og respekt for kroppsleg sjølvråderett.
  • Meir kompetanse i helsevesenet: Helsepersonell må få opplæring, og sjukehusa må gjennomgå eigne rutinar og praksisar.
  • Økonomisk støtte: Intersexorganisasjonar og fellesskap må få ressursar til å byggje aktivitet og møteplassar.
  • Meir ansvarleg forsking: Intersexpersonar må kunne påverke premissar for forsking som handlar om eigne liv og erfaringar.
  • Betre informasjon: Eksisterande handlingsplanar må følgjast opp, og informasjon til barn og unge må oppdaterast.
  • Plass i skulen: Intersex og variasjonar i kropp og pubertet må inkluderast i seksualitetsundervisninga.
 
Frankie frå Skeiv Ungdom i Bergen avslutta arrangementet med ei oppmoding til skeive organisasjonar og fellesskap om å lære av tidlegare feil og vere betre allierte. Intersexpersonar må bli lytta til, synleggjorde og møtte med solidaritet. 
 
Frå medvit til handling
Arrangementet synte at arbeidet for intersexpersonar sine rettar krev meir enn merksemd og gode intensjonar. Det handlar om retten til å bestemme over eigen kropp, få respektfull helsehjelp, ha vern mot diskriminering og høyre til i eit fellesskap utan skam eller stigma.
 
Bodskapet frå dagen var tydeleg: Intersexpersonar må sjølve få leie arbeidet for eigne rettar. Myndigheiter, organisasjonar og allierte må lytte, ta ansvar og bidra med ressursane som trengst for å skape reell endring.

Publisert

9.11.2026

Skrevet av

Fagområde

Prosjekt

Intersex Awareness Day: Frå medvit til handling for kroppsleg autonomi - Likestillingssenteret KUN