Gå til hovedinnhold

Aktuelt

No har heile landet tilgang til eit regionalt senter for likestilling – også Vestlandet

Likestillingssenteret på Vestlandet er under etablering, og den 29. november inviterer vi til opningsfest.

Likestillingssenteret på Vestlandet har kontor i Kong Oscars gate 66-68, Bergen, og her vil du møte: 

​Sunniva Ingemårsen, jurist med spesialisering i kvinnerett og menneskerettar. Ho har brei erfaring med å byggje opp nye verksemder, inkludert ei sentral rolle i oppbygginga av Diskrimineringsnemnda i Bergen. Ho uttaler: ​

Eg gler meg til å bidra til eit endå meir inkluderande samfunn på Vestlandet. Det blir spennande å arbeide med dei spesifikke likestillingsutfordringane her hos oss, saman med dei ulike aktørane i regionen. Vi skal leggje til rette for erfaringsutveksling og byggje nettverk, og slik bidra til å gjennomføre likestilling i praksis.​

Heidi Fagerbakke Aasen er utdanna sosialantropolog og har lang erfaring innan likestillingsarbeid som seniorrådgjevar i IMDi og Bergen kommune, med særleg fokus på mangfald og inkludering. Ho uttaler: ​

På Vestlandet ligg det godt til rette for samarbeid på tvers av sektorar, og eg gler meg til å arbeide tett med både offentlege og private aktørar for å styrkje mangfaldet i regionen.​

Viljar Eidsvik har fleire års erfaring frå FRI - Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold og Likestillings og diskrimineringsombudet. Han kommenterer: ​

Eg ser fram til å bruke mi erfaring til å fremje rettane til skeive og andre minoritetar, samt å bidra til at regionen blir ein endå meir inkluderande stad å leve og arbeide.​

Det nye likestillingssenteret er eit etterlengta tilskot til Vestlandet, som til no har vore den einaste regionen i landet utan eit regionalt likestillingssenter. Senteret skal arbeide for likestilling og mot diskriminering på grunnlag av blant anna kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, nedsett funksjonsevne, etnisitet, alder og livssyn eller kombinasjonar av desse. 

Likestillingssenteret vil samarbeide med aktørar i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland for å skape eit meir likestilt samfunn. 

Likestillingssenteret KUN, som har ansvar for arbeidet med etableringa, deler si erfaring på feltet. 

Mari Wattum, dagleg leiar ved likestillingssenteret KUN, seier:

Tildelinga frå Barne- og familiedirektoratet til etableringa på Vestlandet gjer det mogleg å byggje vidare på den kompetansen som KUN har bygd opp og tilby ressursar til eit langsiktig, målretta og systematisk likestillingsarbeid i kommunar, sektormyndigheiter og privat næringsliv på Vestlandet. 

Publisert

29.10.2024

Skrevet av

Anush Khadka

Kommunikasjonsrådgiver

Ada Klubben

Rådgiver