Bakgrunnen er fylkestinget sitt vedtak om at Vestland skal vere ein antirasistisk sone. Som ein del av dette arbeidet utviklar Vestland fylkeskommune og Likestillingssenteret på Vestlandet ressursar og aktivitetar som skal styrkje kunnskap, refleksjon og dialog om rasisme og antirasisme i fylket.
Biblioteka er viktige møteplassar for samtale, læring og samfunnsdeltaking. Gjennom dette tilbodet ønskjer vi å skape engasjerande arrangement som gjev publikum høve til å lære meir om rasisme og diskriminering, dele perspektiv og utforske korleis vi saman kan bidra til meir inkluderande lokalsamfunn.
Arrangementet vil mellom anna ta opp:
- Kva rasisme er, og korleis han kjem til uttrykk i dagens samfunn
- Erfaringar med diskriminering, minoritetsstress og utanforskap
- Kva antirasisme betyr i praksis
- Korleis vi kan fremje like mogelegheiter for deltaking og tilhøyrsle i lokalsamfunnet
Det vil bli lagt opp til dialog og refleksjon mellom deltakarane.
Målgruppa for desse arrangementa er innbyggarar i lokalsamfunnet, med fokus på korleis skape godt arbeid mot rasisme lokalt.
Arrangementa blir leia av fagpersonar frå Likestillingssenteret på Vestlandet og tilpassa biblioteket som arena. Vi ønsker å koble oss på lokale ressursar som kan bidra inn i arrangementa.
Praktisk informasjon
Tilbodet er gratis for biblioteka. Arrangementa blir gjennomførte hausten 2026, og bibliotek frå heile Vestland kan søkje om å få besøk. Biblioteka stiller med lokale og bidreg med promotering, mens Likestillingssenteret på Vestlandet står for innhaldet på arrangementet og innhald til promotering. Ut over dette avtalast arbeidsfordeling seinare.
Frist for å melde interesse er 1. september, men henvendingar vil bli behandla fortlaupande. Talet på arrangement er avgrensa, så det løner seg å vere tidleg ute. Ved stor interesse vil det bli lagt vekt på mangfald og god geografisk spreiing i kvar ein har arrangement.
Meld interesse
Ønskjer biblioteket ditt å vere med, eller ønsker du meir informasjon?
Ta kontakt med Viljar Eidsvik på viljar.eidsvik@kun.no, eller på telefon 411 69 505.
Vi håpar mange bibliotek vil vere med og bidra til gode samtalar om rasisme og antirasisme, mangfald og fellesskap i Vestland!