Gå til hovedinnhold

Aktuelt

Dialogmøte om rasisme og antirasisme på biblioteka

Har du opplevd å bli dårlegare behandla på grunn av etnisitet, religion eller hudfarge, eller har du sett andre bli det? Ønskjer du å lære meir om korleis praktisere antirasisme, eller diskutere korleis ein kan seie ifrå om rasisme ein opplever sjølv eller ser andre oppleve? I haust arrangerar vi fem dialogmøte i Vestland!

I 2020 vedtok fylkestinget at Vestland fylke skal vere ei anitrasistisk sone. I samband med dette, skal Likestillingssenteret på Vestlandet denne hausten på ein biblioteksturné i Vestland fylke kor vi skal besøke ulike distriktskommunar og halde et dialogmøte om rasisme og antirasisme.  

Vi skal her ha eit arrangement på det lokale biblioteket i den aktuelle kommunen, og alle som deler målet om eit lokalsamfunn fritt for rasisme er velkomne her. Du kan lære meir om kva utfordringar rasisme kan skape i kvardagen, dele av eigne erfaringar på feltet og bidra inn i ein viktig samtale om sunne miljø og tryggleik.   

Kanskje besøker vi bygda di? Ta ein kikk på lenkene under for meir informasjon om kvart enkelt arrangement. 

 

Øygarden torsdag 29. oktober: 

 

Sogndal tirsdag 10. november: 

 

Gloppen onsdag 11. november: 

 

Stryn torsdag 12. november: 

 

Kvinnherad onsdag 18. november: 

 

Ta med deg bestevenn, besteforeldre og nabo og bli med på samtalen om korleis skape gode lokalsamfunn for alle!  

 

Følg med her på nettsidene våre eller i sosiale medium for å halde deg oppdatert på programmet og fremtidige arrangement: 

Publisert

29.9.2026

Skrevet av

Nertila Stringa

Tidl. rådgiver / KUN

Viljar Eidsvik

Seniorrådgiver

Fagområde

Prosjekt

Kategori

Dialogmøte om rasisme og antirasisme på biblioteka - Likestillingssenteret KUN